Haldis Reigstad er hjelpepleiaren som vart forfattar i vaksen alder, og som i dag vert rekna mellom dei mestseljande lyrikarane i Noreg. Sidan 1987 har ho gitt ut 22 diktsamlingar, og er snart klar med sin 23. Dette er forfattaren bak «Tett ved sida mi går Jesus» som ble til på et Concordiakurs på 70-tallet. Den store Concordiaprofilen, Trond Andersen, karakteriserte Haldis ved eit høve som “vårt århundres Lina Sandell”. Han meinte dei begge hadde same evne til å leggja orda i folkemunn slik at dei kunne kjenna seg att i dei og kjenna det som sitt eige. Og trøysta og tryggleiken og gleda i Kristus er ein gjennomgangstone i begge si diktning.